Bela blei para med Baldrian den 02.04.22 og har fått bekrefta at ho er drektig. Eg vil oppdatere etter kvart.

1. juni blei kvalpane født.

Den 1. juni fekk Bela 5 kvalper. 4 tisper og 1 hann. Den eine tispa var dødfødt.🥲 Dei andre kvalpane går det berre fint med.

  • Her er kvalpane 4 dager gamle

    Bela har rikelig med melk.

  • Her er kvalpane blitt ei veke gamle.

    Bela er flink med kvalpane. Dei er mette og fornøgde.

  • Èin mnd. gamle.

    Eg har så vidt starta å gi tilleggsfor, men Bela har rikelig melk endå.
    Dei er begynt å bli meir aktive med slåsting og leiking. Etter at dei har vore veldig aktive, så kan dei sove i mange timer. Når dei var tre veker gamle fekk dei ormekur. Eg vog dei samtidig og dei hadde veldig lik vekt. Alle var over 1,7kg.
    Vi er begynt å klargjøre uteplass til dei, så vi håper på godvær framover.😊

Dei koser seg i hundegården.

Kvalpane boltrer seg ute i inngjeringa.

Her er kvalpane 6 veker gamle. Dei er ganske like når det gjeld tyngde som er ca.: 2,9 kg. Dei har fått ormekur x2.

Bela sitt fyrste kull har fått nye heimar

Mor og dotter slapper av på sofaen. Ser ut som dei fungerer godt illag.😊

Kvalpane fekk namna: Driva, Tara, Bamse og Bali. 
Driva kom til Hyllestad.

Tara reiste til Folldal.

Bamse havna i Øygarden, og Bali bestemte vi oss for å ha sjølve.