Bela blei para med Baldrian den 02.04.22 og har fått bekrefta at ho er drektig. Eg vil oppdatere etter kvart.
1. juni blei kvalpane født.
Den 1. juni fekk Bela 5 kvalper. 4 tisper og 1 hann. Den eine tispa var dødfødt.🥲 Dei andre kvalpane går det berre fint med.
-
Èin mnd. gamle.
Eg har så vidt starta å gi tilleggsfor, men Bela har rikelig melk endå.
Dei er begynt å bli meir aktive med slåsting og leiking. Etter at dei har vore veldig aktive, så kan dei sove i mange timer. Når dei var tre veker gamle fekk dei ormekur. Eg vog dei samtidig og dei hadde veldig lik vekt. Alle var over 1,7kg.
Vi er begynt å klargjøre uteplass til dei, så vi håper på godvær framover.😊
Nyeste kommentarer