Nytt kull 2018

Spency blei para med Teddy den 27. mai, det er no tydelige tegn på at det blei vellukka. Forventa kvalping tidspunkt: 28 juli. Vi benytta den same hannhunden som i fjord og då det blei svært bra avkom etter dei. Imformasjon om desse kvalpane finn ein på mi heimeside under "Kull 2017". Pga. at begge foreldra er PRA fri, vil avkomma også vere PRA fri. 

Teddy sitt reg. nr. :NO32402/12, HD: A

Spenchy sitt reg. nr. :NO40888/11. HD: B

  • Spency har fått kvalper.

    I natt den 28. juli. fekk Spency 8 kvalper. Vi var ikkje heilt forberedt, så det blei ei litt kaotisk natt utan søvn. Den fyrste kvalpen kom ca. kl.: 03.00 og den siste kom kl.:7.30. Ingen problem med fødslane og alle kvalpane ser friske og sprekeut.
    Vi fekk tre tispe og fem gutter.

  • Kvalpane er blitt seks dager gamle.

    Spency steller godt med kvalpane og alle har lagt godt på seg. Mora er veldig oppteken av kvalpane, men vi passer på at ho får nokren lufteturer kvar dag.
    Spency har eit helt spesielt system når ho ammer. Når kullet er så stort, så hender det at nokren kvalper søv mens dei andre ammer. Når ho føler ho har amma gjengen nok, så røyser ho seg opp og går bort til dei andre som ikkje har fått. Den gjengen ho har amma, ligg som regel og søv.

  • Kvalpane sju dager og Spency får besøk.

    Spency godtek at besøkande koser med kvalpane.

  • Her er kvalpane 13 dager. Nokre er begynt å gå og nokre har opna augene.

  • Her ser kvalpen.

  • Kvalpane søv.

  • Fyrste dag i hundegarden.

    Dei har passert 14 dager. Det var nydelig vær og vi hadde gjort klar hundegarden. Bela fekk lov av Spency til å stikke innom å helse på syskena sine.

Bilde av kvalpane rundt matfatet.

Dei er begynt å ta til seg fast føde i tilegg til amminga-

Kvalpane er blitt fire veker gamle.

Dei utvikler seg fort, er beggynt å få tenner og dei får oppbløtt kvalpefor i tilegg til at Spency er flink å amme dei.

Kvalpane har fått halsband med ulik farge på, slik at eg ser forskjell på dei, samtidig har dei fått behandling mot innvollsorm.

Eg har vegd dei. Den lettaste var 180g då eg vegde han 1. dag og no er han 1115 g.. Lettaste jenta var 211 g og ho er blitt 1250 g. Den tyngste nyfødte var 340 g. og er no blitt 1885 g. Ellers ligg resten av gjengen mellom 1500g. - 1700g.

Kvalpane har nett passert 5 veker.

Det er full fart på dei. Dei er nysgjerrige og veldig aktive. Kvalpane har tilgang til oppbløtt kvalpefor fleire ganger for dagen. Dei får fortsatt amme mora.  Kvalpane klør i tennene og dei får smake på bitepinner. Eg har teke dei med på bilturer og det har gått fint. Ellers har eg klipt klørne deira.

Kvalpane snart seks veker.

Kvalpane koser seg i hagen.

Kvalpane koser seg illag med store systra Bela

Det er ikke lagt inn noen video