Det er ikke lagt inn noen video

  • SpencyNO40888/11

  • Teddy NO32402/12

Spency er drektig.

Etter at Spency blei para den 18.mai har vi venta i spenning på om det blei noko resultat. No ser vi tydelig at ho er drektig. Far til dei komande kvalpane heiter Teddy. Forventa kvalping tidspunkt: 20-23. juli.     

Teddy sitt reg. nr. : NO32402/12 , HD: A, PRA: Fri. Spency er også PRA: Fri og då vil også alle kvalpane bli PRA Frie.

Spency blei augelyst den 11.05.2017 og ho er Fri. Ellers er ho HD; B.

Eg gledar meg til nytt kull og vil oppdatere heimesida etter kvart. Dersom nokon er spesielt interessert, må ein gjerne ta  kontakt.

                                                                                                      

                                                                                                           

Den 20. juli blei kvalpane født.

Spency fekk sju kvalper. Det blei tre tisper og fire hann kvalper. Fyrste kvalpen kom om kvelden kl.: 20.30 og den siste kom til verden litt over midnatt. Det går fint med både kvalpane og Spency. Spency er ei god mor.

Kvalpane er blitt ti dager.

Spency steller godt med kvalpane. Ho tek seg daglige turer ute.

Kvalpane drikk mjelk, søv og er begynt å ta sine fyrste spaser turer.

Her er kvalpane blitt ti dager gamle. Dei et og søv.

Her er tek kvalpen seg ein spaser tur

Tre veke gamle.

No er kvalpane blitt tre veker gamle og eg ser utvikling dag for dag. I dag har eg begynt å gi kvalpane og Spency behandling mot innvoldsorm. Eg har sett halsband på kvalpane med ulik farge, slik at eg ser forskjell på dei med tanke på veging, behandling mot innvoldsorm ol.

Spency er ei god mor og tek seg godt av dei. Eg ser fram til at været roa seg, så pass at vi kan ha kvalpane ut i hunde garden.

Fire veker gamle!

No er kvalpane begynt og ete graut og det liker dei godt. Kvalpane går meir og meir over til kvalpefor også det et dei godt. Når Spency kjem for å die dei, så er det veldig stor stas for kvalpane.

Kvalpane leiker godt illag og dei og dei har mange ting inni hundegarden, som dei kan herje med. Når dei spring er det veldig fart på dei. Når dei har rast ifrå seg, så blir dei veldig trøtte og vil sove.

Dei er ute i hundegarden heile dagen.                                                                                      

 

 

 

 

 

  • 6 veker gamle.

Kommentarer

08.07.2017 11:27

Nina Bangsund

Så trivelig at det blir valper etter Teddy også ☺️ Jeg har mora Skiftesgrinds Azta. Ho e en flott hund på alle måter. Lykke til!