Lucky og Milly diskuterer politikk. 🙂

Her er bilde av vår fyrste Lapphund, Lucky Lihkku. Reg. nr. 03305/07, Født: 20.02.2006, HD: A, PRA: Fri. Augelyst fri. Det var på mange måter ein perfekt lapphund. Den var utruleg lettlert, stakk aldrig av og ho var god jæterhund. Den hadde tre kull og dei to hundane eg har i dag ned stammer frå Lucky Lihkku.

Lucky dreg barn på isen!

Dette er eit gammalt mobil opptak som eg fann. Om vinteren pleier vi å bruke hundane som trekk dyr.

Her er Spency, Lussy og meg på fjelltur.

Her er Lussy, ein av kvalpane i fyrste kullet til Lucky. Faren er Moscos`s Jaro. Lussy slapper av etter god innsats på hundeutstilling.

Her er Spency. Ho er etterkommar av Lussy og Cahppes Chakim.

Det har gått fem år sidan sist kull, men no er ho blitt para og eg ser fram til at ho å får kvalpar i slutten av juli. Spency er ein perfekt familie hund. Ho er roleg og behageleg. Ho er vennlig og har alldrig vore agressiv mot verken barn eller voksne. Spency er veldig stadbunden og ho er grei å ha med på hjortejakt. Spency er augelyst: Fri, HD: B, PRA: Fri. Ho er drektig med Rognebergtrollet`s Favru, Reg. nr.: NO48515/13, HD: B, PRA: bærer, Augelyst: Fri. Bruk av hannhund er godkjent av Norsk Lapphund Klubb. Eg vil legge ut meir imformasjon etter kvart.

Spency og Ninni er på grottetur.

Bela

Vår nye alvshund heiter Bela og er avkom etter Spency og Teddy..Ho er født: 20.072017 i eit kull på 7 kvalper. Vi bestemte oss etterkvart for å behalde Bela. Bela hadde ein behagelig måte å vere på og vi likte henne veldig godt. Ho har utvikla seg til ein veldig kjekk familie hund. Ho oppfører seg greit illag med folk og dyr.                                                                                                                                                      Bela har vore stilt ut to ganger. Det var Nordhordland hundeklubb si utstilling på Lindås hallen og då fekk ho Cert,  men på NKK si utstilling i Bergen blei ho stressa av alt styret og støyet i hallen og ho blei uplassert.                                                                                                                                                         Ellers har Bela vore på jakt kurs, der vi gjekk ilag med instruktør og fekk opplæring i korleis vi skulle jakte på hjort. Det ser ut til at Bela egnar seg godt til jakthund.      

Kommentarer

10.06.2022 10:22

Liv-Kjerstin Berge