Her kan ein lese om våre svenske lapphunder. Vi driv eit lite oppdrett. Målet vårt er å avle hunder med godt gemytt, god helse og gode bruks eigenskaper. Vi bur i Glosvik i Sogn og Fjordane, ca. 10 mil nord for Bergen. Plassen egnar seg godt for hunde oppdrett, då den ligg forholdsvis usjenert til. Det er ca. 500 meter til nermaste nabo. Vi grubla i fleire år før vi bestemte oss for Svensk lapphund. Denne rasen har mange gode eigenskaper. som vi likte. Den er veldig stadbunden, sterke gjeter hund egenskaper, han er veldig hengiven og perfekt vakthund. Han er ekstrem sterk og liker å bruke seg på tur. Veldig kjekk turkamerat og våre hunder blir gått tur med kvar dag. Vi tek ofte hundane med på hjortejakt. Dei har god luktesans og er flink til å spore opp hjort. Når det er snø om vinteren, så har vi latt hundane dra oss på ski, akebrett o.l. Dei liker å jobbe og koser seg i snøen. Svensk lapphund er kjent for å vere ein tøff hunderase. Dei er ikkje redd for å angripe ulv og bjørn i situasjoner der dei føler dei må forsvare folk og fe.

Laila Margaret Kjelby. Glosvikvegen 227 5960 Dalsøyra. Tlf.nr: 47305018, E - mail: mala_kjelby@hotmail.com